Deimos fotografert av Mars Reconnaissance Orbiter | |
Oppdaging | |
---|---|
Oppdaga av | Asaph Hall |
Oppdagingsdato | 12. august 1877 |
Baneskildring | |
23 458 km | |
Eksentrisitet | 0,0002 |
1,2624 dagar | |
4 864,8 km/t | |
Banehelling | 1,788° |
Satellitt av | Mars |
Fysiske eigenskapar | |
Snittdiameter | 12,4 km |
483,05 km² | |
Masse | 1,4762 × 1015 kg |
1,471 g/cm³ | |
0,003 m/s² | |
20 km/t | |
bunden | |
Albedo | 0,08 (synleg geometrisk) |
Temperatur | ~313 K |
Deimos er den ytste og minste av dei to marsmånane. Han vart oppdaga den 12. august 1887 av den amerikanske astronomen Asaph Hall og er namnsett etter Deimos i gresk mytologi.
Deimos nyttar 30,3 timar på eit krinslaup rundt Mars.
Deimos har, som den månen til Mars, Phobos, eit spekter, albedo og tettleik som minnar om ein C- eller D-type-asteroide. Som dei fleste lekamar av denne storleiken, er forma på Deimos uregelmessig og ikkje kuleforma, med dimensjonane 15 × 12,2 × 11 km noko som gjer han til 0,56 gonger storleiken til Phobos. Deimos består av bergartar som er rik på karbonhaldige materiale, som dei fleste C-type-asteroidane og karbonhaldige kondritt-meteorittar. Han har krater, men overflata er langt glattare enn overflata på Phobos, dels fordi kratera er fylte med regolitt. Regolitten er særs porøs og har ein radar-estimert tettleik på berre 1,471 g/cm3. Dei to største kratera, Swift og Voltaire, måler berre kring 3 km i diameter.
Han har ein frigjeringssnøggleik på 5,6 m/s og tilsynelatande storleiksklasse på 12,45.
Det er berre to geologiske kjennemerke på Deimos som har fått namn. Kratera Swift og Voltaire er kalla opp etter forfattarar som spekulerte i om det fanst to Mars-månar før Phobos og Deimos vart oppdaga.
Krater | Kalla opp etter | Koordinatar | Diameter (m) |
---|---|---|---|
Swift | Jonathan Swift | 12°30′N 358°12′W / 12.5°N 358.2°W | 1000 |
Voltaire | Voltaire | 22°00′N 3°30′W / 22°N 3.5°W | 1900 |